Kristi openberringsdag

Kristi openberringsdag markerer i Den norske kyrkja avslutninga på juletida og byrjinga på openberringstida. Den liturgiske fargen for dagen er kvit, men tilknytinga til openberringstida gjer at ein òg kan forsvare bruk av grøn liturgisk farge.

Kristi openberring, epifanaia, har vore feira sidan oldkyrkja, for å markere Jesu guddommelege opphav. I den eldste kyrkja vart dagen feira 6. januar både som Jesu fødselsdag og som Jesu dåpsdag; sjølv om Jesus vart døypt som vaksen, meinte dei han var fødd og døypt på same datoen. Sidan la dei meir vekt på at dei heilage tre kongane kom for å hylle Jesus på denne dagen. Feiringa av Jesu dåp vart då lagt til sundagen etter, medan fødselsdagsfeiringa vart lagt til 25. desember. Eit anna gammalt tema knytt til epifania var vinunderet i Kana, det vart sidan markert 2. søndag etter Kristi openberring.

Frå 1771 vart feiringa av Kristi openberring i Danmark-Noreg lagt til første sundagen etter nyårsdagen.

Kristi openberringsdag er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search